tirsdag 16. mars 2010

Mint er historie

Mint -butikken har for lengst stengt dørene. ( Til deg som lurer på om vi har tumledyr igjen så er svaret nei. Ingen butikk, ingen varer...tumledyra må du finne ein annan stad.)

Takk til alle trufaste kundar. Vi har mange gode minner å ta med oss vidare.

mvh.
mintpikene

onsdag 19. august 2009

Snipp, snapp, snute

 ...straks er Minteventyret ute.

Vi forsøkte å finne  nokon som kunne tenkje seg å ta over butikken vår, men vi ser at det er utfordrande tider for folk å kaste seg ut i dette. Så difor har vi no søkt etter nokon som skal ta over lokalet, og det blir truleg overtaking allereie i september.

I dag har vi starta opphørssalget på Mint, - velkommen innom!

Beste helsing Mintpikene

 

mandag 22. juni 2009

EOS


No har vi fått EOS leppebalsam på Mint. Den er 95%organisk og 100% naturleg. 
Den får leppene dine til å sjå sunne og naturlege ut.
Betre kan det vel neppe verte! 


torsdag 18. juni 2009

Klassikar tilbake



Mintklassikaren "Metermål" er tilbake. I dette metermålet kan du sette inn bilete frå barnet er bittelite og fram til det blir opptil 2m. Ei super barselgåve som varer lenge!
Dessutan har vi fått inn tommestokk med kunsthistorie - lær deg litt medan du snekrar!

Raude dørmatter på salg


På jakt etter litt farge i heimen? No har vi store( no: 475,-) og små raude (no: 230,-) dørmatter på salg.

Litt gull i ein grå kvardag



Vi har fått inn fine koppar med gullmønster. Koppane er i porselen med termoeffekt, her held kaffien seg varm sjølv på ein hustrig junidag.

Eit fly kom lasta med...



...nye varer frå England. Koppar med lokk, brødfjøler og store fat med ulike motiv. Søtt, morosamt og praktisk.