onsdag 19. desember 2007

"du grøne, glitrande...



...tre, god dag!" Snart kan vi tillate jula å sige inn over oss, kjenne skuldrane senke seg og kanskje høyre snøfnugga dale. Takk til alle trufaste kundar og nye kundar for eit hyggeleg år!


Vi gler oss til å opne den nye kalendaren og sjå dykk igjen i 2008.

mandag 10. desember 2007

Klassisk frå Brioland





Tenk så har den gamle, gode dachsen komt til Mint. Han har tatt med seg marihøna, herr Sampo, dei snille klovnane og den gule anda på to hjul...

Gode klassiske leiker som toler ein støyt.



onsdag 5. desember 2007

Tenk miljø!



Om du kjøper ein Baggubag i jolegåve hjelper du mottakaren å bli meir miljøvenneleg... Eller kanskje du har som nyttårsforsett å tenke meir miljø - då kan Baggubagen hjelpe deg med å ikkje få/kjøpe så mange plastposar som du berre kastar. 
Sammenbretta tek den nesten ikkje plass i veska, den kan t.o.m. få plass i ei bukselomme.



tirsdag 20. november 2007

Å glede seg...

Ein kan glede seg til eit nytt år når ein har så fin kalender!
På Mint har vi desse kalenderane. Dei er så fine at du ikkje må gå forbi...Vi har bordkalender og veggkalender. Når ein månad eller eit år er omme, kan ein bruke illustrasjonane som kort eller kanskje ramme dei inn?

lørdag 17. november 2007

"Nytt" vindauge


Vi byrjar gjere oss klare for jol og jolehandel, men vi held att litt... Mint har fått ny vindaugsutstilling. Nokre små hint om jol er der, men først og fremst fine ting vi gjerne vil vise fram.
Velkomen inn!

Svevande skyer og fargeklattar



Vi har fått nye svenske varer. Sky-mønsteret på toalett- og sminkeveska har jubileum i år - 40 år! Klokkene med retropreg har vi i kremfarge og oransje, men vi får dei snart i raudt og svart også.
I tillegg har vi fått vakre løparar i lin og rislamper som gir fint og mjukt ljos. Adventsstjerner i papir, enkle og stilige. Ja, alt dette og mykje meir finn du hyllene våre.

onsdag 31. oktober 2007

Drypp, drypp...




Det drypp fælt ute, eller kanskje ikkje drypp er eit dekkande ord - det høljar jo ned! Og inn til Mint renn det inn nye varer. I dag fekk vi påfyll av dørmatter, melamintallerknar, puter og veggklistremerke.

Dørmattene er av same modell som vi har hatt tidlegare, men no kom også ein liten modell av "blomen", til oss som ikkje har så god plass.

I tillegg kom det nye og gamle variantar av melamintallerknar designa av Thomas Paul. Motiva er babuscka, fugl og silhuett. Tallerknane er flotte som dekor, t.d på veggen eller kanskje vil du servere småkaker på dei?

Putene, både luksusputer i lin og flotte puter i bomull, er fylt med mjuke fjør. Dei er gode å legge hovudet på under middagskvilen og pyntar opp i sofaen.

Nye, franske veggklistremerker fekk vi óg - eit strålande eksempel på korleis ein kan fornye ein vegg utan å måle eller tapetsere...

tirsdag 30. oktober 2007

Tusenfryd og anna fint





I dag kom det ein stor kartong full med små askar, i dei små askane fann vi dei små koppane
- med tusenfryd og dyremotiv. Fyll dei med espresso, bokstavkjeks, oliven, mjølk, peanøtter, men kanskje ikkje alt på ein gong...
Dessutan kom det nye skjerefjøler, store runde fat og litt større runde fat. Alle med herlege motiv!

mandag 29. oktober 2007

Eit smil i haustmørke

På Mint har vi fått nye bøker, både for store og små. Ei av dei er "Kroppsspråk" av Helene Uri. Ho hjelper deg å utvide ordforrådet ditt innanfor kroppslege ord og uttrykk og ikkje minst forklare dei. Ei fin gåve som kan lokke fram smilet.


På mørke, regnvåte dagar er det nesten ingenting som er betre enn å finne ein handskriven konvolutt i postkassa. Vanskeleg å skrive kort? Send eit par ordknappar (vi har fått nye ord og motiv) eller ein fin metallfigur. Det har også kome nye delikate kort på Mint om du har mykje på hjarte.
















tirsdag 23. oktober 2007

Friske, franske...

...ting har kome til Mint. Det er kjøkkenhanddukar i ny design og vesker, puter, klistremerker, buttons, kort, bilder og te. Det er ein veldig god og rettferdig(!) te i ei fin-fin boks.



torsdag 18. oktober 2007

Kul stil




Vi har fått inn nye puter, skrivebøker, vesker og tørkler frå England. I veska får du plass til noko i A4storleik, puta er fyllt med deileg dun - så den held seg fin i lang tid, skrivebøkene er svært sjarmerande og tørklea er søte.

fredag 5. oktober 2007

vesle frøken



Her er den yngste mintpiken i staben. Ho er fem månader og likar fart og spenning. Kvar dag får ho ein liten tur i dissa, eller i reia som vi seier på Sunnmøre. Det er stas!

Denne dissa kan du sjølvsagt få kjøpt på Mint.
Når gullklumpen din er 4 månader kan han/ho begynne å bruke denne. Dissa vil passe heilt opptil 2 års alderen
(maks.belastning er 15 kg)
På Mint har vi ei blå og ei lilla disse igjen. Dette er tysk design i god kvalitet. Sjølve dissa er i kraftig filt, solid tau med kraftige krokar.
Obs! dette er ikkje ei hoppe-disse. Og prisen?
1499,- ...ein fin ting å ynskje seg til minsten

torsdag 4. oktober 2007

Ta deg ei pause!




Ta deg ei pause på pausekrakken/knappen! Pausekrakken er av engelsk design og er hol inn, så der kan du gøyme noko spennande.
Pausekrakken har vore på filminnspeling (Varg Veum -Falne engler) , og har fått seg ei lita ripe i u-en, difor seljast den no 20% avslag (Før 2999) No: 2399,- Men då får du til gjengjeld ein filmkjendis med deg heim!

tirsdag 2. oktober 2007

Frankfurtstolen


Overdelen til denne stolen vart designa på 70talet, medan understellet vart designa til "nye" Konstfack i Stockholm, på 2000talet. Stolen fins i 10 herleg fargar - så du kan få ditt eige legostabletårn! Raud, oransje, gul, turkis, blå, grøn, ljosgrå, mørkgrå, svart og transparent/frosta.

torsdag 6. september 2007

Bobledyr på Mint


Vi sel dei herlege tumledyra frå bObles.

fredag 24. august 2007

MINTblogg


Vi har no laga oss vår heilt eigne blogg, som ei erstatning eller som forløpar til Mint Bergens eigne heimeside. Her kjem vi til å legge ut bilder av nye varer, informasjon om kurs og arrangement og anna knask.