lørdag 20. desember 2008

God jul



Adventskalendaren vår er full av fine fuglar i år, og snart skal den siste raude fuglen opp.
Vi vil med dette takke alle våre mintkundar for dette året som har vore. I 2009 vert det nye overraskingar i hyllene og fleire godbitar å gle seg til. Men først er det julehøgtid.

Det er ikkje alle som gler seg til jul, og for nokon kan jula vere vanskeleg å kome gjennom.
Vi sender våre beste ynskjer og håper vi alle kan kjenne ein fred i desse vekene som ligg framfor. 

Beste helsing mintpikene,
Birgit og Margit

fredag 12. desember 2008

Enno ikkje bestemt deg...





...for kva du vil gje i jolegåve?

I dag fekk vi inn dansk keramikk -  som kan gjere deg enno meir forvirra på kva du skal gje folk til jol...
Fine krus, tekanner, skåler, barneservise og smykker.

torsdag 11. desember 2008

OPNINGSTIDER

Her er opningstidene våre i adventstida og ut året!

mandag - fredag          10-18
torsdag                          10-19
laurdag                          10-17
søndag                           14-18

lisjejulaftan 23 des     10-14
julaftan                         stengt

stengt i romjula

tysdag  30 des             10-16
nyårsaftan  31 des      10-14

onsdag 10. desember 2008

PS.

No har dei kome. Dei fine koppane vi venta på. Dei du ser i innlegget nedanfor. To mønster. Kjærleiksfuglar og lauv. Perfekt til americano. Eller kanskje til jolesild? Men ikkje på same tid...

torsdag 4. desember 2008

Ååååå... hopp!


Hadde du ein slik skihoppar då du var liten?
Dei fins enno. Her på Mint har vi dei i mange ulike fargar. 
Saman med skihopparen får du flaggklistremerker
til å feste på ryggen til hopparen. Med litt trening i romjula
kan du ta del i nyttårshopprennet... 

onsdag 3. desember 2008

Kjærleiksfuglar





Kjærleiksfuglar, lauv, landsbyar og Blossom og Bill er nokre motiva på dei nye skjerefjølene og små brikkene vi har fått inn. I neste veke får vi også  nokre veldig fine koppar frå same leverandør.

fredag 21. november 2008

Kalendrar!



Som vi fortalte i eit tidlegare innlegg så har vi fått inn kalendrar. Fine, fine. 3 storleikar.

Idéar

I forrige veke dekte vi eit bord med varer - der ingenting kostar over 50kroner. Kanskje finn du noko som kan pakkast inn og vere gåver i adventskalenderen som du lagar til dotter/sonen/tanteungen/kjærasten/mannen/kona/venninna/vennen/osv.

Mjuk glede




No har vi fått ein kartong med mus, kaniner og jolepynt i tekstil.
Ei veldig søt mus som bur i ein stor fyrstikkask, tre søsken Kanin, og ein gris som liknar litt på den som Lotta i Bråkmakargata har. 
Dessutan julepynt - kremmerhus, blomar og polkastenger.

torsdag 13. november 2008

Løyndom

For dei som ikkje har vore innom Mint den siste veka så har vi ein løyndom - vi har fått inn  nye kalendrar! Vi har venta på bilete,  difor har vi venta med å lage blogginlegg om det. Men no kunne vi ikkje vente lenger - og måtte berre fortelje om det:)
Det har altså kome vakre kalendrar til å henge på veggen, eller ha på bordet - tre ulike storleikar.
Her kan du sjå fjorårets variant.

onsdag 5. november 2008

Brettebrettebrette


Ei lita trapp opp ligg papiravdelinga vår. Der kan du finne jolekortmatriale på tilbod og ikkje minst masse nytt origamipapir. Ein finfin adventstidaktivtet når den tida kjem.

Hjerte og smerte


Vakre hårnåler med hjarteforma glasstein. Vi har dei i grått og svart.

Blått


Vi snakkar blått. Skikkeleg blå. Det er ein av dei nye fargane på den klassiske lommeboka i åleskinn. Den fins sjølvsagt i mange andre fargar også, t.d. grøn, lilla, djuplilla, raud, svart osv. 

torsdag 30. oktober 2008

Meir moro





Vi har fått nye og gamle variantar av Momijidokkene, meir muffinsformer, søt toalettveske/sminkeveske og ein boks med herlege klistermerker.

tirsdag 28. oktober 2008

Luddeklær

Vi har fått inn nye luddeklær.


Her er ein av dei, synes eg dreg kjensel på det turkise stoffet ja ;)
Fleire foto av forkle-kjolar kan du sjå på  www.luddeklaer.blogspot.com

mandag 27. oktober 2008

Ny veke og nye varer

Det er ikkje så verst å starte ei heilt ny veke med heilt nye varer...
                     bilpute,    "rush hour"
                      trepute, "dotty"           

            kjøkkenhandkle





lørdag 25. oktober 2008

Eksklusivt til mannen


Mansjettknappar frå Snella og Petronella er eksklusiv vare - og vi har fått fire par til sal på Mint. På dei står det: "råkken råll", "kjerne kar", "ædda bædda" og "jadda jadda".
Dessutan kom det påfyll av ordknappe øyredobbar og knappar med ord eller blomar.

fredag 24. oktober 2008

Trygg i trafikk


Vi slår eit slag for trafikktryggleik! Vi sel no refleksar, av den blanke, harde, runde sorten. Heng ei i kvar jakke - så er du sikker på at bilane ser deg i mørkret.

torsdag 23. oktober 2008

Papir på salg

No sel vi ut ein mengde fine papir til redusert pris. 
Her kan du finne konvoluttar, papir til innpakking og papir til julekort/brev. 
Det er berre å begynne og skrive lister til alle som skal få julebrev...

onsdag 22. oktober 2008

Ein lysande idé!



Den nederlandske formgjevaren Nicolette Brunklaus har gjort suksess med sine flotte lamper. Desse kan du få tak i på Mint!

Mykje nytt og noko kjent...

Rosa glas til ripssaft


Sjå fiskane symje...

Overraska dokker!


Roser er raude...

...og det er dørmatte, uro og vase óg.




fredag 17. oktober 2008

Fugletak


Saman med påminninga "Gakk ikkje på tonn is!" stod det også  "Hugs småfuglane!" i lokalavisa mi på vinteren. 
 Vi går snart over i ei ny årstid og småfuglane kan trenge ein matbit. Med dette fugletaket hengande utanfor vindauge får fuglane mat, dei held seg tørre og du kan observere det heile over ein kopp kaffi!

Perler på ei snor


Store porselensperler på ei snor skapar eit heilt spesielt kjeleunderlag. No kan du smykke bordet ditt!

tirsdag 14. oktober 2008

Skriv eit kort

Synes du det regnar i "meste laget"?
Kva med å skrive eit lite kort..?

Tenk å finne eit handskrive elefantkort i 
postkassa når ein kjem heim trøytt og sliten, våt på beina
og utrulig svolten?

Eller du kan skrive ei Panda-helsing medan du drikk kakao? 

Desse korta og enda fleire i samme stil finn du hos oss.
Dei ser både eksotisk og nostalgiske ut og er laga av to flinke jenter i Oslo-bygda.
Ikkje reint lite eksotisk det heller!



lørdag 4. oktober 2008

Boka i oktober



I år er det 100 år sidan Olav H.Hauge vart fødd. I høve dette jubileet har vi valt ei Hauge-bok for oktober. Her kan du lese eit lite utval av dikta hans og Inger Lise Belsvik har laga fine illustrasjonar(lino og collage) Denne boka er vel verdt pengane!

tirsdag 30. september 2008

Arkitektkommode med papir


Finn.no har vi no lagt ut arkitektskuffar/kommode MED papir til salgs. Vi syns dette er eit strålande tilbod for dei som brukar mykje papir og som ynskjer seg eit stilig oppbevaringsmøbel til dette!

fredag 26. september 2008

Dansk og dejlig






Vi har nett vore på postkontoret og henta nokre herlege danske porselenssmykker - seinare i haust kjem det også flott porselen(koppar, barneservise, skåler ol.) frå denne produsenten.

lørdag 20. september 2008

Ein klassikar



Denne klassikaren har vi fått inn på Mint. Det er kanskje mange som har lese den i sin ungdom og som kan tenke seg å lese den igjen.


tirsdag 16. september 2008

"Heilt i skyene..."

Barneforkle (i voksa bomull) med sky-motiv. Tilsvarande forkle har vi også i fargane rosa og grønt. Har også smekker, toalettvesker og sminkevesker i samme kvalitet og farge. 

fredag 12. september 2008

Pusle, pusle



I dag skin sola over Vågen, og fristar ikkje til inneliv. Men når det blir innevêr, då har vi forslag til ein aktivitet på Mint, pusle! 
Vi har fått inn fine puslespel i eigen koffert; Mumi og Barbapapa. I tillegg kan du finne mange nye kubepuslespel, med motiv av Ilon Wikland (som illustrerte nesten alle Astrid Lindgren sine bøker). Andre kubepuslespel har motiv frå Elsa Beskow og H.C. Andersen sine historier, og eitt med diverse barnebokmotiv.

mandag 8. september 2008

Klokke



Ei tid var
ei anna er