onsdag 20. februar 2008

Stup!


Er du klar for å kaste deg ut i det?
Denne kofferten har luftehol på sidene, slik at ein kan ha vått badetøy i den, eller kanskje du vil fylle den med Stupedamelakrispastillaskar?

tirsdag 19. februar 2008

Traner


Vi har ei fin uro hengande på Mint. 11 traner som dansar i ring. Traner er eit japansk symbol på fred.
    
Sadako Sasaki gjorde dette symbolet til eit internasjonalt symbol på fred. Ho var ei ung japansk jente og eit offer for øydelegginga etter atombomba i Hiroshima. 
Sadako vart alvorleg sjuk, og før ho døde bretta ho tusen traner i origamipapir. 
Dette prosjektet starta ho på bakgrunn av ei legende som seier at den som klarer å brette tusen traner skal få eit ynskje oppfylt.
Sadako ville gjerne verte frisk slik at ho kunne springe, og leike som før.      
Ynskje til Sadako vart ikkje oppfylt, men gjennom denne handlinga skapte ho eit symbol for fred for barn i heile verda. I Hiroshima er der i dag ein fredspark med ei statue av Sadako som held ei trane.     
   


"Ein god dag kjem aldri for seint" (I.Aasen)



Vi innrømmer gjerne at det har vore litt stillstand i vareutvalet på Mint i januar, men no kan vi lokke med nye overraskingar i hyllene.  Gode smakebitar er på plass og fleire er på veg. 
Vi gler oss.

lørdag 2. februar 2008

Tumledyr på salg!

No er tumledyra frå bObles på salg! - 20% på alle former og farger.

fredag 1. februar 2008

50% på Pause -SELD!

Hugsar du den stilige store Pauseknappen vår? Den som har vore filmstjerne i Varg Veum film - som du kunne lese om i oktober. 
Den er no på halv pris - og kostar 1499! 

Stiligare blir det ikkje.

Nytt år. Ny te.


Kva med å starte februar med litt harmoni og kjærleik? Eller kanskje noko reinande? På Mint har vi no 10 forskjellige Pukka-te, økologisk te i vakre pakningar.
Kok ein kopp eller ti!