torsdag 24. juli 2008

Tid



Det er sommartid, og tenk no kom sola og varmen. Vi merkar det her på Mint og, sjølv om butikken ligg i skuggen. 
Det er ei fin tid og minna kjem ofte om somrar eg har hatt tidlegare. Ikkje i fjor eller året før der igjen, nei tilbake til syttitalet. Då var sommar berre sommar. Ingen store forventingar om å få gjort mest mulig, reise langt vekk på ferie, bli brunast mulig, eller tene masse pengar. Då var det sommar for sommaren si skuld. Sommaren hadde både sol og regn og sommaren var lang.

(glasklokke i retrostil      599,-)

To einslege, snille giraffar...har no fått ein heim i trivlege Trøndelag



...står på Mint og ventar på å få ein heim. Ein i svart/kvit og ein i raud/rosa.
Vi har altså igjen to tumledyr og desse vert selde på halv pris.

mandag 21. juli 2008

...eit glas med fisk!



Fine drikkeglas med fiskemotiv. Raude, gule, grøne blå.

fredag 11. juli 2008

Fine ting frå Stine







vi har fått inn skåler, skrin og vasar frå Stine. Dette er skikkeleg fint arbeid i porselen. Dei er som smykker... 

torsdag 10. juli 2008

Boka i juli



Ja, kva passar vel betre i juli? Litt ekstra reiseforsikring er godt å ha i tilfelle flyet vert forsinka, du ikkje får sove på nattbussen eller du skal feriere heime. 

"Her er gode, humoristiske, snertne og overraskande dikt om å reise, stikke av, kome igjen,  sjå noko nytt, sjå alt på nytt, om stader du drøymer om og stader du aldri har høyrt om."

tirsdag 1. juli 2008

Mooi...


er det nederlandske ordet for fint, trur eg. Det beskriv isåfall godt dei nye tinga som kom inn i formiddag. Fine fat, vasar, teljosestakar, glas og koppar mm. Her kjem nokre eksempel: