fredag 29. august 2008

Lekker ål!





No har vi fått påfyll av lommebøker og vesker i åleskinn. Mange herleg fargar,både knallfargar og dei meir diskrete...
Nokre nye modellar har vi også fått - t.d. korthaldar/lommebok i patchworkmønster.

tirsdag 26. august 2008

Din eigen Ulriksbane


Ulriksbanen er stengt i år, så då er det godt at ein kan ha sin eigen i miniatyr. 
Heng den opp på line, trekk opp med nøkkelen - og sus av garde!

Gyldne nøklar


I ein ask på disken fins det no mange klistremerke med gullnøklar - og ein kan lure på kva ein skal med dei... Jo, ein skal lage sitt heilt eigne nøkkeloppheng!
Nokre nøkkelklistermerke, eit par spikrar - og vips!

torsdag 21. august 2008

ABC


Skulestart.
Det er kanskje kribling i magen for mange førsteklassingar om dagen. Ja, kanskje for foreldre og. Det er spennande å byrje på skulen. Ny ransel, penal og matboks. Eg kan huske det skramla i ranselen min når eg sprang til skulen, matboks i metall mot mjølkeflaske...
På Mint feirar vi med ABC og ny utstilling.

tirsdag 12. august 2008

Egg til frukost



No kan du dekke frukostbord til 6 personar med fine eggeglas.

Nye løyndomar og ferske muffins


Her er ein smakebit av nye ting vi har fått inn. Nye Momiji-dokker med nye fargar og ansiktsuttrykk. Søte.
Momijidokka kan passe på den hemmelege muffinsoppskrifta di om du ikkje vil dele den med andre. Formene kan du kjøpe på Mint.


torsdag 7. august 2008

Boka i august


Vi prisar Bergen - ved å velge boka "Bergen" som boka i august!
Denne boka er fylt med panoramabilete frå Bergen, og er ei flott bok for både turistar og oss som bur her. Kanskje ser du ein stad du ikkje har vore og vil gå på oppdagingsferd? Kanskje ser du huset ditt? Kanskje ser du Bergen med nye auge?

mandag 4. august 2008

Salg -20%



DVD-, CD- og pockethyller er no på salg, -20%.



Retro og miljøvennleg

I sommar fortalde mor mi at ho huska då plastposane kom i butikkane. Det var tidleg, tidleg på syttitalet. 

Sidan den gong har plastposeproduksjonen eksplodert.
I følge Grønn hverdag brukar vi her i Norge ein milliardar plastposar i året. Dei fleste av desse posane vert brukt berre ein gong. I beste fall vert dei brukt to, heim frå handleturen og når bosset vert bore ut.

Eit fint alternativ til plastposar er BAGGU.
Her på Mint kan du få kjøpt Baggu, dei fargerike netta i 100% nylon. Mange har kjøpt desse og er flinke til å bruke dei. Supert! Om vi går tilbake i tid var det nettop slike nylon-nett folk brukte. Eg kan huske at mormor hadde ein trillebag vi måtte bruke når vi skulle på S-laget. Det var litt flaut den gong, men no skulle eg gjerne hatt ein slik! Veldig praktisk.

Det er miljøet vi tenker på når vi no skal begynne å ta betaling for handleposane på Mint.
1 krone for dei små og 2 for dei store.  Pengane går til Grønn hverdag.