lørdag 20. desember 2008

God jul



Adventskalendaren vår er full av fine fuglar i år, og snart skal den siste raude fuglen opp.
Vi vil med dette takke alle våre mintkundar for dette året som har vore. I 2009 vert det nye overraskingar i hyllene og fleire godbitar å gle seg til. Men først er det julehøgtid.

Det er ikkje alle som gler seg til jul, og for nokon kan jula vere vanskeleg å kome gjennom.
Vi sender våre beste ynskjer og håper vi alle kan kjenne ein fred i desse vekene som ligg framfor. 

Beste helsing mintpikene,
Birgit og Margit

fredag 12. desember 2008

Enno ikkje bestemt deg...





...for kva du vil gje i jolegåve?

I dag fekk vi inn dansk keramikk -  som kan gjere deg enno meir forvirra på kva du skal gje folk til jol...
Fine krus, tekanner, skåler, barneservise og smykker.

torsdag 11. desember 2008

OPNINGSTIDER

Her er opningstidene våre i adventstida og ut året!

mandag - fredag          10-18
torsdag                          10-19
laurdag                          10-17
søndag                           14-18

lisjejulaftan 23 des     10-14
julaftan                         stengt

stengt i romjula

tysdag  30 des             10-16
nyårsaftan  31 des      10-14

onsdag 10. desember 2008

PS.

No har dei kome. Dei fine koppane vi venta på. Dei du ser i innlegget nedanfor. To mønster. Kjærleiksfuglar og lauv. Perfekt til americano. Eller kanskje til jolesild? Men ikkje på same tid...

torsdag 4. desember 2008

Ååååå... hopp!


Hadde du ein slik skihoppar då du var liten?
Dei fins enno. Her på Mint har vi dei i mange ulike fargar. 
Saman med skihopparen får du flaggklistremerker
til å feste på ryggen til hopparen. Med litt trening i romjula
kan du ta del i nyttårshopprennet... 

onsdag 3. desember 2008

Kjærleiksfuglar





Kjærleiksfuglar, lauv, landsbyar og Blossom og Bill er nokre motiva på dei nye skjerefjølene og små brikkene vi har fått inn. I neste veke får vi også  nokre veldig fine koppar frå same leverandør.