torsdag 26. februar 2009

Tigeren og bjørnen er tilbake!


"Den som har ein venn, treng ikkje vere redd for nokon ting i heile verda!" Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Og dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei så sterke.
 
Dei lenge så etterlengta bøkene om "Tigeren og bjørnen" er no tilbake. 
No får du seks forteljingar samla i ei bok! 

onsdag 25. februar 2009

Papirdraum




Vi har fått påfyll av handlaga, vakre, japanske papir og origamipapir. Dei handlaga papira er silketrykk med mange ulike mønster, mønstra er inspirert av kimonomønster. Desse papira er flotte å bruke til kort, innramming, dekorasjon av permar eller boksar, ljoslykter, etc.
Vi har dessutan fått inn nokre eksklusive ark Sogara Youzen(det nederste bildet), desse er handlaga og handsilketrykt - og er flotte å henge opp på ein vegg. 

fredag 20. februar 2009

Innlegg nummer 101 med 101knappar

Vi har fått påfyll av mange nye ordknappar. Ord som løyndom, honning, perle, undring, grøn eller drope - kan no syast på ei skjorte eller ei lue eller ein genser eller noko anna fint.

onsdag 11. februar 2009

Vrimlevrimle



Vi held fram med å nyte vinteren, men samstundes glede oss til våren! Vi har fått inn "Vårvrimleboka", boka som er full av bilder som kan bli til mange herlege historier.

mandag 9. februar 2009

Tid for te!





Kald, vakker vinterdag.
Stor kopp te.
Fire nye smakar.

onsdag 4. februar 2009

Søtt som snop






I dag lavar snøen ned på Strandkaien, men inne har vi vårkjensle, det er berre å sjå på dei nye fargane vi har fått inn. Korthaldarar og pengepung, smykker og hårspenner.

mandag 2. februar 2009

Kalender -30%



Har du enno ikkje kjøpt kalender for det nye året?
No har vi salg på dei fine vegg-og bordkalenderane. 
-30%, det er ikkje dårleg det!