tirsdag 21. april 2009

Nye tider

No har det vore vinter og påske sidan forrige blogginnlegg!
Vi har vore litt opptekne her på Mint med framtidstankar. Etter mykje tankeverksemd og vurdering har vi kome til den avgjerda at vi ønskjer å selge butikken. Det er ulike grunnar til dette, men livssituasjon er heilt klart ein viktig faktor.
Vi synes det er veldig trist om Mint ikkje skal vere meir, og håper at det er nokon der ute med ein "kremmar i magen" som har venta på denne muligheita: å eige ein heil Mint-butikk og ta konseptet til nye høgder!
Mint har stort potensiale, og den som tek over står fritt til å vidareutvikle konseptet og realisere sine eigne idear. Det er noko av dette som er Mint, å sette sitt personlege preg. 
Samstundes er det mange som etterlyser Mint-nettbutikk og det vil vere ein fin kombinasjon med butikkdrift på kaia. 
Om du ikkje får sove i natt etter å ha lese dette og berre tenker på Mint...ja, då kan det vere 
lurt å ta kontakt. Kanskje er du den nye mintpiken, mintmannen(!)
Sjå annonse på Finn her

mandag 16. mars 2009

I skyene



Mjukt bomullspledd til barn. Godt å ha i vogna,  i bilen eller berre som kosepledd.

onsdag 11. mars 2009

April in Paris



Om du ikkje har planar om å møte våren i Paris så kan du kanskje heller få lite Paris inn i våren her heime?
Forkle til liten og stor, gryteklutar og skåler med parisiske motiv eller motiv skapa av parisiske designarar. Og på veggen kan du henge fine trykk.

lørdag 7. mars 2009

Koppar og fat



Før jol fekk vi inn nokre fine koppar med lokk, dei vart fort utseld. No har vi fått inn nye! Dessutan fuglefat og skjærefjøler. Fine ting i laminert bjørk.

torsdag 26. februar 2009

Tigeren og bjørnen er tilbake!


"Den som har ein venn, treng ikkje vere redd for nokon ting i heile verda!" Den vesle bjørnen og den vesle tigeren er to gode venner som opplever mange eventyr. Og dei er ikkje redde for nokon ting, for saman er dei så sterke.
 
Dei lenge så etterlengta bøkene om "Tigeren og bjørnen" er no tilbake. 
No får du seks forteljingar samla i ei bok! 

onsdag 25. februar 2009

Papirdraum




Vi har fått påfyll av handlaga, vakre, japanske papir og origamipapir. Dei handlaga papira er silketrykk med mange ulike mønster, mønstra er inspirert av kimonomønster. Desse papira er flotte å bruke til kort, innramming, dekorasjon av permar eller boksar, ljoslykter, etc.
Vi har dessutan fått inn nokre eksklusive ark Sogara Youzen(det nederste bildet), desse er handlaga og handsilketrykt - og er flotte å henge opp på ein vegg. 

fredag 20. februar 2009

Innlegg nummer 101 med 101knappar

Vi har fått påfyll av mange nye ordknappar. Ord som løyndom, honning, perle, undring, grøn eller drope - kan no syast på ei skjorte eller ei lue eller ein genser eller noko anna fint.