Ein kan glede seg til eit nytt år når ein har så fin kalender! På Mint har vi desse kalenderane. Dei er så fine at du ikkje må gå forbi...Vi har bordkalender og veggkalender. Når ein månad eller eit år er omme, kan ein bruke illustrasjonane som kort eller kanskje ramme dei inn?
Vi byrjar gjere oss klare for jol og jolehandel, men vi held att litt... Mint har fått ny vindaugsutstilling. Nokre små hint om jol er der, men først og fremst fine ting vi gjerne vil vise fram. Velkomen inn!
Vi har fått nye svenske varer. Sky-mønsteret på toalett- og sminkeveska har jubileum i år - 40 år! Klokkene med retropreg har vi i kremfarge og oransje, men vi får dei snart i raudt og svart også. I tillegg har vi fått vakre løparar i lin og rislamper som gir fint og mjukt ljos. Adventsstjerner i papir, enkle og stilige. Ja, alt dette og mykje meir finn du hyllene våre.