tirsdag 30. september 2008

Arkitektkommode med papir


Finn.no har vi no lagt ut arkitektskuffar/kommode MED papir til salgs. Vi syns dette er eit strålande tilbod for dei som brukar mykje papir og som ynskjer seg eit stilig oppbevaringsmøbel til dette!

fredag 26. september 2008

Dansk og dejlig






Vi har nett vore på postkontoret og henta nokre herlege danske porselenssmykker - seinare i haust kjem det også flott porselen(koppar, barneservise, skåler ol.) frå denne produsenten.

lørdag 20. september 2008

Ein klassikar



Denne klassikaren har vi fått inn på Mint. Det er kanskje mange som har lese den i sin ungdom og som kan tenke seg å lese den igjen.


tirsdag 16. september 2008

"Heilt i skyene..."

Barneforkle (i voksa bomull) med sky-motiv. Tilsvarande forkle har vi også i fargane rosa og grønt. Har også smekker, toalettvesker og sminkevesker i samme kvalitet og farge. 

fredag 12. september 2008

Pusle, pusle



I dag skin sola over Vågen, og fristar ikkje til inneliv. Men når det blir innevêr, då har vi forslag til ein aktivitet på Mint, pusle! 
Vi har fått inn fine puslespel i eigen koffert; Mumi og Barbapapa. I tillegg kan du finne mange nye kubepuslespel, med motiv av Ilon Wikland (som illustrerte nesten alle Astrid Lindgren sine bøker). Andre kubepuslespel har motiv frå Elsa Beskow og H.C. Andersen sine historier, og eitt med diverse barnebokmotiv.

mandag 8. september 2008

Klokke



Ei tid var
ei anna er

Oh deer!


Stilig taklampe med dekor av...?
 Ja, ser du det?

Boka i september



September har snike seg på og hausten er i emning. Ei fin tid til å sette seg ned og dikte historier i lag med minstemann. Haustvrimleboka er ei bok med hundrevis av historier de kan dikte sjølve.
Her er inga tekst, berre fine teikningar med mange detaljar. God bok!