lørdag 26. april 2008

Tumledyr -50% !

Vi har no eit særs godt tilbod på tumledyr, -50%.  Betre pris finn du neppe, så no er det berre å slå til. Foreldre som har kjøpt desse danske design leike-møblane gir oss gode tilbakemeldingar. Barn likar tumledyr. 
Mistenkeleg godt tilbod tenker du? Ikkje noko mistenkeleg i det heile, tumledyr er fantastiske gode produkt. Vi treng berre meir lagerplass, og ønskjer å finne nye spennande varer...

torsdag 24. april 2008

Nostalgisk badeliv





Badeanstalten.
Det er mange fornøgde kundar som har spurt etter desse varene. No har vi fått ny levering av badesalt, såpestykke, hudkrem osv. Det er milde og gode produkt, og veldig fine om ein har sensitiv hudtype.
Alle produkta har namn og ei nostalgisk, delikat innpakning.
"Barndomsminne" og "morgensang" er namn på to av såpene...
Ja, kven skulle ikkje trenge ei slik fin såpe?

Veskedilla?

Ny toalettveske til campingturen?

Eller ei veske til storbyferien?
Ikkje veit vi om du skal på camping eller storbyferie, men her er iallefall nokre døme på nye vesker vi har fått inn på Mint - og det fins fleire!

torsdag 17. april 2008

Meir



Meir - eller rettare skrive More er eit nytt merke vi har fått inn på Mint. I designfirmaet, More, har svenske formgjevarar samarbeida med mesterkokken Marcus Samuelsson.
Eit vellukka samarbeid synes vi!
På Mint kan du finne More tallerknar, skåler og koppar, både til vaksne og born. Veldig fine!!!

torsdag 10. april 2008

Ny baggu?


Vi har no fått eit større fargeutval på bagguane. Mange flotte fargar, både einsfarga og stripete: lilla, syrin, gråstripete, raudstripete, blåstripete, marine(kvite og blå striper)
I tillegg har vi mørk rosa, raudt, oliven, grått og svart som tidlegare.


søt og mystisk...


Vi har fått mange nye varer på Mint. Søte japanske dokker er eit motiv som går igjen på enkelte av desse varene. Utgangspunktet for desse motiva er dei fine beskjed-dokkene. Desse har vorte veldig populære i England. Under dokka er det eit lite hol, og inni her ligg ein liten papirlapp. På den kan du skrive ein liten beskjed eller ei hemmelegheit...

Boka i april


I april har vi valt "Det er den draumen" som favorittbok. Tittelen er henta frå eit Olav H. Hauge sine mest kjende dikt.
I denne boka presenterer Bodil Cappelen eit utdrag av Hauge sin store produksjon. Dikta kan gjere deg ettertenksam, lokke fram smil eller gi inspirasjon. Ei god bok.