fredag 21. november 2008

Kalendrar!



Som vi fortalte i eit tidlegare innlegg så har vi fått inn kalendrar. Fine, fine. 3 storleikar.

Idéar

I forrige veke dekte vi eit bord med varer - der ingenting kostar over 50kroner. Kanskje finn du noko som kan pakkast inn og vere gåver i adventskalenderen som du lagar til dotter/sonen/tanteungen/kjærasten/mannen/kona/venninna/vennen/osv.

Mjuk glede




No har vi fått ein kartong med mus, kaniner og jolepynt i tekstil.
Ei veldig søt mus som bur i ein stor fyrstikkask, tre søsken Kanin, og ein gris som liknar litt på den som Lotta i Bråkmakargata har. 
Dessutan julepynt - kremmerhus, blomar og polkastenger.

torsdag 13. november 2008

Løyndom

For dei som ikkje har vore innom Mint den siste veka så har vi ein løyndom - vi har fått inn  nye kalendrar! Vi har venta på bilete,  difor har vi venta med å lage blogginlegg om det. Men no kunne vi ikkje vente lenger - og måtte berre fortelje om det:)
Det har altså kome vakre kalendrar til å henge på veggen, eller ha på bordet - tre ulike storleikar.
Her kan du sjå fjorårets variant.

onsdag 5. november 2008

Brettebrettebrette


Ei lita trapp opp ligg papiravdelinga vår. Der kan du finne jolekortmatriale på tilbod og ikkje minst masse nytt origamipapir. Ein finfin adventstidaktivtet når den tida kjem.

Hjerte og smerte


Vakre hårnåler med hjarteforma glasstein. Vi har dei i grått og svart.

Blått


Vi snakkar blått. Skikkeleg blå. Det er ein av dei nye fargane på den klassiske lommeboka i åleskinn. Den fins sjølvsagt i mange andre fargar også, t.d. grøn, lilla, djuplilla, raud, svart osv.