mandag 22. juni 2009

EOS


No har vi fått EOS leppebalsam på Mint. Den er 95%organisk og 100% naturleg. 
Den får leppene dine til å sjå sunne og naturlege ut.
Betre kan det vel neppe verte! 


torsdag 18. juni 2009

Klassikar tilbake



Mintklassikaren "Metermål" er tilbake. I dette metermålet kan du sette inn bilete frå barnet er bittelite og fram til det blir opptil 2m. Ei super barselgåve som varer lenge!
Dessutan har vi fått inn tommestokk med kunsthistorie - lær deg litt medan du snekrar!

Raude dørmatter på salg


På jakt etter litt farge i heimen? No har vi store( no: 475,-) og små raude (no: 230,-) dørmatter på salg.

Litt gull i ein grå kvardag



Vi har fått inn fine koppar med gullmønster. Koppane er i porselen med termoeffekt, her held kaffien seg varm sjølv på ein hustrig junidag.

Eit fly kom lasta med...



...nye varer frå England. Koppar med lokk, brødfjøler og store fat med ulike motiv. Søtt, morosamt og praktisk.

Knappemoro



Gamle knappar vert fin øyrepynt

tirsdag 9. juni 2009

Heilt til topps...


...og ned igjen. 
No kan du få di eiga ulriksbane heime i stova. 
Fin fin sak. 

mandag 8. juni 2009

Sommaren står for døra

Vi har ikkje funne ein arvtakar til Mint enno, men vi har ikkje gitt opp håpet. 
Vi smør oss med tolmod.  I sommar vil alt vere som før her på kaia og vi håpar på knallfine veker. Masse besøk av gamle og nye kundar og god handel. Nye varer er på veg til store og små, det er berre å kome og sjå!