mandag 30. juni 2008

Godt handverk på salg- SOLGT!






Vi sel desse flotte kjøkkenskåpa til - 20%!
Kjøkkenskåpa kjem frå England og er oppattkalla etter designaren si norske bestemor, Ella.

Designaren har valt å bruke norske namn på krydderglasa; støt pepper, nellik, salt og allehånde. Metallbehalderane kan du til dømes fylle med mjøl, ris, sukker, havregryn. Tenk å ha eit slikt skap, ein kan få lyst til å bake av mindre... 

Kjøkkenskapa er solid handverk i heiltre, måla i kvitt eller "Norwegian blue".

tirsdag 24. juni 2008

Miniveske


                            Fin lita veske/pung med handtak og hjort....


                                                                                                                               

lørdag 21. juni 2008

Trofé



Vi har fått inn fine troféputer med hjort på. Om du saknar eit trofé på veggen, og ikkje har tenkt å gå på hjortejakt til hausten kan du ta ein tur innom Mint. Vi skal heller ikkje på jakt, men vi har fine veggklistremerker som gjer samme susen som eit utstoppa hjortehovud...



...og ikkje nok med det, vi har fått inn ei veldig fin taklampe med oval form:



torsdag 12. juni 2008

Boka i juni


Som favorittboka i juni har vi valgt "Alt er høy" av Helge Torvund.
Helge Torvund er ein spennande lyrikar med lang fartstid. Hans ord og bilete overraskar stadig, og ein får vere med i eit eige Torvundsk univers. Boka kan vere fin å gje til nokon som ikkje er så bevandra i lyrikk, og kanskje Torvund vil opne ei ny verd for dei?

Fikapaus




Eit svensk favorittord for mange, kanskje spesielt sidan det ikkje er så lett å oversette. Stiligare kaffe/testund får du iallefall ikkje, enn med presskanne/tekanne i stål. Det er berre å sette igang å bake scones eller kanskje ei marmorkake?

Sommarleg




Nye, sommarlege varer har kome inn på Mint. Desse passar ikkje berre om sommaren - dei kan gje farge til ein mørk haust. Kjøkkenhandkle (fleire av dei i organisk bomull), putetrekk og lampeskjermar.

torsdag 5. juni 2008

MINT 2 år

Laurdag 7/6 er det to år sidan vi forsiktig opna dørene på Mint, 
etter ein månads oppussing av lokalet, venting på varer og arbeid med ustilling i butikken. 

Mintkundane er spesielt trivelege
- vi set utruleg stor pris på dykkar entusiasme og gode respons! 
Kom gjerne innom på laurdag og ta eit glas saft med oss, i varmen.


Her kan du få sjå litt av det som skjedde i tida før vi opna:
Lokalet trengte både måling og omsorg...

På sjølvaste 17.mai tok vi oss ein tur innom for å flytte eit tungt skap ned i kjellaren.



Her bygger vi disken.



Det er høgt under taket på Mint - så vi vart gode vener med den høge gardintrappa.


... og så, endeleg, Mint!


tirsdag 3. juni 2008

Sukkertøy





Hugsar du isen med ei tyggegummikule lengst inn? (eller var det lengst ned?) - jadesteinane i nokre av dei nye smykkene våre minner om dei. Vakre, tunge tyggegummikuler på ei snor. 

Vi har også fått inn nokre florlette sommarsmykker - til dømes armband med sylvringar og turkise perler, og smykker med sylvhjarte og rosa og brune perler. Kom og prøv!