Mintklassikaren "Metermål" er tilbake. I dette metermålet kan du sette inn bilete frå barnet er bittelite og fram til det blir opptil 2m. Ei super barselgåve som varer lenge!
Dessutan har vi fått inn tommestokk med kunsthistorie - lær deg litt medan du snekrar!
Vi har ikkje funne ein arvtakar til Mint enno, men vi har ikkje gitt opp håpet.
Vi smør oss med tolmod. I sommar vil alt vere som før her på kaia og vi håpar på knallfine veker. Masse besøk av gamle og nye kundar og god handel. Nye varer er på veg til store og små, det er berre å kome og sjå!