tirsdag 19. februar 2008

Traner


Vi har ei fin uro hengande på Mint. 11 traner som dansar i ring. Traner er eit japansk symbol på fred.
    
Sadako Sasaki gjorde dette symbolet til eit internasjonalt symbol på fred. Ho var ei ung japansk jente og eit offer for øydelegginga etter atombomba i Hiroshima. 
Sadako vart alvorleg sjuk, og før ho døde bretta ho tusen traner i origamipapir. 
Dette prosjektet starta ho på bakgrunn av ei legende som seier at den som klarer å brette tusen traner skal få eit ynskje oppfylt.
Sadako ville gjerne verte frisk slik at ho kunne springe, og leike som før.      
Ynskje til Sadako vart ikkje oppfylt, men gjennom denne handlinga skapte ho eit symbol for fred for barn i heile verda. I Hiroshima er der i dag ein fredspark med ei statue av Sadako som held ei trane.     
   


Ingen kommentarer: