torsdag 24. juli 2008

Tid



Det er sommartid, og tenk no kom sola og varmen. Vi merkar det her på Mint og, sjølv om butikken ligg i skuggen. 
Det er ei fin tid og minna kjem ofte om somrar eg har hatt tidlegare. Ikkje i fjor eller året før der igjen, nei tilbake til syttitalet. Då var sommar berre sommar. Ingen store forventingar om å få gjort mest mulig, reise langt vekk på ferie, bli brunast mulig, eller tene masse pengar. Då var det sommar for sommaren si skuld. Sommaren hadde både sol og regn og sommaren var lang.

(glasklokke i retrostil      599,-)

Ingen kommentarer: