fredag 12. september 2008

Pusle, pusle



I dag skin sola over Vågen, og fristar ikkje til inneliv. Men når det blir innevêr, då har vi forslag til ein aktivitet på Mint, pusle! 
Vi har fått inn fine puslespel i eigen koffert; Mumi og Barbapapa. I tillegg kan du finne mange nye kubepuslespel, med motiv av Ilon Wikland (som illustrerte nesten alle Astrid Lindgren sine bøker). Andre kubepuslespel har motiv frå Elsa Beskow og H.C. Andersen sine historier, og eitt med diverse barnebokmotiv.

Ingen kommentarer: