Vi har vore litt opptekne her på Mint med framtidstankar. Etter mykje tankeverksemd og vurdering har vi kome til den avgjerda at vi ønskjer å selge butikken. Det er ulike grunnar til dette, men livssituasjon er heilt klart ein viktig faktor.
Vi synes det er veldig trist om Mint ikkje skal vere meir, og håper at det er nokon der ute med ein "kremmar i magen" som har venta på denne muligheita: å eige ein heil Mint-butikk og ta konseptet til nye høgder!
Mint har stort potensiale, og den som tek over står fritt til å vidareutvikle konseptet og realisere sine eigne idear. Det er noko av dette som er Mint, å sette sitt personlege preg.
Samstundes er det mange som etterlyser Mint-nettbutikk og det vil vere ein fin kombinasjon med butikkdrift på kaia.
Om du ikkje får sove i natt etter å ha lese dette og berre tenker på Mint...ja, då kan det vere
lurt å ta kontakt. Kanskje er du den nye mintpiken, mintmannen(!)
Sjå annonse på Finn her
4 kommentarer:
Trist. Håper dere finner noen ildsjeler som vil overta.
Dette var synd,men håper endelig det er noen der ute som kan drive videre i samme stil. For makan til sjelfull butikk finnes vel ikke i Bergen...
Slik er livet, endringar må skje. Sjølv om eg skulle ønskje nokre ting vara evig.
Lukke til med det de måtte finne på, mintjenter! Håper de framleis er i butikken når eg stikk innom om ei veke eller to.
Håper òg at nokon kan ta over, slik at vi kan halde fram med å få litt kvardagslukke når vi kjem innom.
Hmm...fryktelig synd. Det komer nok til å ta noen timer av nattesøvnen ja..
Dere MINTPIKER er jo også noe av det som gjør denne butikken så flott.
Jeg håper virkelig dere finner noen som kan ta MINT videre. Mange mange luddetanker fra kristine
Legg inn en kommentar