torsdag 5. juni 2008

MINT 2 år

Laurdag 7/6 er det to år sidan vi forsiktig opna dørene på Mint, 
etter ein månads oppussing av lokalet, venting på varer og arbeid med ustilling i butikken. 

Mintkundane er spesielt trivelege
- vi set utruleg stor pris på dykkar entusiasme og gode respons! 
Kom gjerne innom på laurdag og ta eit glas saft med oss, i varmen.


Her kan du få sjå litt av det som skjedde i tida før vi opna:
Lokalet trengte både måling og omsorg...

På sjølvaste 17.mai tok vi oss ein tur innom for å flytte eit tungt skap ned i kjellaren.



Her bygger vi disken.



Det er høgt under taket på Mint - så vi vart gode vener med den høge gardintrappa.


... og så, endeleg, Mint!


1 kommentar:

Anonym sa...

Gratulerer med overstått toårsdag! Då MINT var under "utklekking", gjekk eg dagleg forbi og undrast over kva for spennande butikk som skulle opna i det fantastiske lokalet. Og gleda var stor då eg oppdaga den fantastisk spanande og nynorske butikken med dei herlege varene og ikkje minst dei søte mintpikene bak disken. Saknar MINT. Ynskjer deko alt det beste for butikkdrift. Helsing utflytta bergensar, som no bur i Ørsta.