torsdag 12. juni 2008

Boka i juni


Som favorittboka i juni har vi valgt "Alt er høy" av Helge Torvund.
Helge Torvund er ein spennande lyrikar med lang fartstid. Hans ord og bilete overraskar stadig, og ein får vere med i eit eige Torvundsk univers. Boka kan vere fin å gje til nokon som ikkje er så bevandra i lyrikk, og kanskje Torvund vil opne ei ny verd for dei?

Ingen kommentarer: